Gravplassane i Tysvær kommune

Ein velhalden kyrkjegard fortel oss om einskild personar og slekter. Her finn ein ofte heile lokalsamfunnet si si historie. I Tysvær finn du desse kyrkjegardane: Sssss

Kyrkjegardane skal vera opne for alle, same kva livssyn ein har.
Dei skal vera slik utforma og stelte at dei på beste måte teke vare på respekten for dei døde, og like eins møter dei sørgjande med respekt og trøyst .

Kyrkjegardar vert etter gravferdslova til vanleg forvalta av kyrkjeleg fellesråd i kommunen, og er soknet sin eigedom.
Både Den norske kyrkja og andre registrerte trussamfunn skal gis høve til å vigsle ein kyrkjegard eller deler av han.

Tysvær kyrkjelege fellesråd har som mål at vedlikehald og bevaring skal utførast slik at dei pårørande kan koma med si sorg og det skal via repspekt for dei døde.

Vi har mange gravplassar som skal stellast og det kan vera krevande å ha desse i slik stand vi til ei kvar tid ønskjer. Ta kontakt med kyrkjeverja om du har innspel til vedlikehald og stell av gravplasser.

 

Vedtekter for kyrkjegardane i Tysvær kommune

Jfr. lov av 7. juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) §21.

Vedteke i Tysvær kyrkjelege fellesråd 6. mai 1997.   Godkjent av Stavanger bispedømmeråd 30 mai 1997.

Endringar vedteke i Tysvær kyrkjelege fellesråd 30.1. 2001. Godkjent av Stavanger bispedømmeråd  28.5.2001.
Endringar vedteke i Tysvær kyrkjelege fellesråd 26.8.2003.  Godkjent av Stavanger bispedømmeråd  29.9.2003.
Endringar vedteke i Tysvær kyrkjelege fellesråd 16.2.2005.  Godkjent av Stavanger bispedømmeråd  14.4.2005.
Endringar vedteke i Tysvær kyrkjelege fellesråd 14.8.2008.  Godkjent av Stavanger Bispedømmeråd  29.10.2008
 

§1 Tilsyn med kyrkjegardane.
Kyrkjeleg fellesråd i Tysvær er i følgje lov pålagt ansvaret for kyrkjegardane.  Kyrkjeverja administrerer og fører tilsyn med kyrkjegardane etter gjeldande regler og forskrifter.

§2  Kyrkjegardstilhøyring   
Avlidne personar, med adresse i kommunen, har rett til fri gravplass og kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskje. 
Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ei anna kommune mot slutten av livet.

§3  Fredingstid og festetid
Fredingstid for kistegraver er 20 år.
Fredingstid for urnegraver er 20 år.
Festetida er 5 år.

§4  Feste av grav
Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det.  Desse gravene utgjer då ein gravstad.

Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.

Unntak frå desse rettar gjeld for følgjande gravfelt som er stengd for gjenbruk:

Skjoldastraumen kyrkjegard:  Gravfelt 08.A,  08.B og 08.C.  Stenginga gjeld ikkje for urnenedsetjing.

Tysvær kyrkjegard:  Gravfelt 09.F, 09.G og 09.H.  Stenginga gjeld ikkje for urnenedsetjing og (4) ubrukte  festegraver.

Tysvær kyrkjegard:  Gravfelt 09.A, B, C, D, E, I, J og K.  Stenginga gjeld ikkje for urnenedsetjing og for ubrukte festegraver ved sida av avdød ektefelle eller barn.

§5  Grav og gravminne.
Ved opning av grav kan jord leggast på omkringliggjande graver og utstyr på desse kan for ei tid takast bort.

Kyrkjegardsbetjeninga vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.  Montering av gravminne kan tidlegast skje 2 måneder etter gravlegging av kiste.  Til gravminne vert montert set kyrkjegarden opp eit merke med namnet til den avlidne.

På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teke i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt.

§6  Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 65 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.

Kantstein omkring plantefelt,  dvs minst tre rette steinstykke som legges / blir sett ned på tre sider av plantefeltet eller liggjande plate framføre gravminne, skal flukte med terrenget omkring.

I fallande terreng trappast kantstein og plate i forhold til gravminne sitt fundament.  Plate og fundament skal ikkje vera samme stykke.

Heil eller delt plate, med eller utan hull til planter, skal leggjast i drenerande masse og vere 5 – 8 cm tjukt.  Avstand frå plantehull til ytterkant av plate skal vere minst 8 cm.

Heil eller delt plate skal ha samme lengde som gravminne sitt fundament og breidde inntil  65 cm, målt frå fundamentet sin bakkant.

Ved montering av heil eller delt plate (lykter/vasar), med eller utan hull til planter, skal eigar gjennom avtale med kyrkjegardsmyndigheita  påta seg ansvar for skader som vert påført gjennom vanleg drift og vedlikehald av kyrkjegarden.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

 

§7  Plantetilfang
Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, bør vere heilt komposterbart.

§8  Stell av grav
Den som er ansvarleg for frigrav eller er festar for grav har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsbetjeninga.

Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og stell av grav mot forskottsbetaling.  Kyrkjeleg fellesråd i Tysvær fastsett den årlege prisen for gravstell, planter og administrasjon.

§9  Gravfond
Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravfond, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden.  Gravfonda vert forvalta av kyrkjeverja. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast fondavtale.

Gravfondet kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i fondtida at midlane ikkje rekk til, skal kyrkjeverja gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er da høve til å auke fondet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.

Dersom det er midlar att av fondet når tida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjere kyrkjegarden vakrare. Gravfonda vert forvalta i fellesskap, men kyrkjeverja fører eigen rekneskap for kvart fond som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av fondmidlane.

§10  Bårerom
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

§11  Næringsverksemd
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Kyrkjegardsbetjeninga kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.

 

 

Målfrid Tjoland Kolnes                                             Terje Fjeldheim

Leiar                                                              Kyrkjeverja
 


Del denne artikkel på e-post