Konfirmasjon i Tysvær kyrkje Info

PÅMELDING TIL KONFIRMANTOPPLÆRING I TYSVÆR SOKN, 2017- 2018

 

Påmelding her. 

 

PÅMELDING TIL KONFIRMANTOPPLÆRING I TYSVÆR SOKN, 2017-2018

19.juni var eg på skulen og informerte elevane på 8.årssteg om konfirmantopplegget for Tysvær Sokn
2017 / 2018. Ungdommane fekk også utlevert ei skriftleg orientering med viktige datoar og opplysningar om konfirmasjonstida.

Tysvær kyrkjelyd vil at alle skal få ei god konfirmanttid, og ønskjer å tilrettelegge tilbodet så alle kan delta.

Kyrkja treng ei forpliktande påmelding for å planlegge og organisere til beste for alle.

Det er også viktig at me får informasjon om- og evt ein samtale om sjukdom, matallergi, funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar mm.

 

Påmelding:

Fyll ut innskrivingsskjemaet på nettsida til “ Tysvaerkirken.no.” Hugs at dette gjeld Tysvær sokn!

Ta kontakt viss de treng hjelp til påmelding eller har spørsmål om konfirmasjonstida!

Val av konfirmasjonsdag: Dei som skriv seg inn først, har størst sjanse for å få oppfylt ønsket sitt.

Lister for konfirmasjonsdag vil foreligge på møtet for foreldre/føresette onsdag 20.september.
Praksis: Sjå vedlagt ark.

 

NB! PÅMELDINGSFRIST: 30. JUNI.

 

Viktige datoar i starten:

-  Oppstart/infosamling for konfirmantane onsdag 30.august kl 12.30 på Tysvær Soknehus.
-  Ta med ein kopi av dåpsattest på denne samlinga viss du ikkje er døypt i Tysvær.
-  Lørdagsseminar for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn i Tysvær kyrkje/Tysvær Soknehus, lørdag 2.september kl 10.00-15.00.
-  Presentasjonsgudsteneste i Tysvær kyrkje, søndag 10.september kl 11.00 (obligatorisk)
-  Infomøte for foreldre/føresette onsdag 20.september kl 19.00 på Tysvær Soknehus.

 

 Konfirmasjon i Tysvær Kyrkje:  Lørdag 5. mai og søndag 6. mai 2018.

 

 Det meste av undervisninga blir på onsdagar. 

 

 

Praksis for konfirmantane:

Alle  konfirmantane skal velja ei interessegruppe som er knytt opp mot aktivitetar i Tysvær Sokn. Desse gruppene kan du velja mellom:

 

LEIARKONFIRMANT

   Her får du prøva deg som leiar. Du kan velja om du vil vera med som leiar i ein av dei følgjande aktivitetane:

-  Barnekoret ”Gledesprederen” i Tysværvåg

-  Søndagsskule på Førland

-  Barneforeningen Vårbod på Tysvær Soknehus
   (tidlegare Eikje gamle skule)

-  Yngres på Førland

   Fyll inn i påmeldingsskjemaet kor du ønsker å vera med.

   5 samlingar + undervisningstimar.

 

SPEIDARKONFIRMANT

Planleggingsmøte og deltaking på medlemsmøtene (mandagar)  i haustsemesteret. Leiaransvar for einskilde aktivitetar.

Må vere betalande medlem i haustsemesteret (spesialpris for konfirmantar)+ undervisningstimar.

 

KYRKJENÆRLEIAR

Trusopplæringa Kyrkjenær treng leiarar for mange aldersgrupper i trusopplæringa.
(F.eks. Lys vaken, Kode B, aktivitetsdag på Stemnestaden, 4-årssamling, hausttakkefest, Onlineleir mm )

1 leir/ 1 aktivitetsdag  eller fleire småarrangement + undervisningstimar.

 

«GODHETSPATRULJE»

Praktiske tenester i kyrkjelyden der ein er med og steller til ulike arrangement.
Diakonale oppgåver der ein kan hjelpe eldre som treng hjelp i hus eller hage. Kva for oppgåver som er aktuelle avtalast med den einskilde konfirmant

5 gonger  + undervisningstimar

 

Velkommen som konfirmant!

 

Tysværvåg, 19.06.17

 

Marit Sofie Teistedal Vikre

Kateket

Tlf: 52 75 77 00 (Kyrkjekontoret) 481 35 457(Mobil)

E-mail: msvikre@tysver.kommune.no

 

 


Del denne artikkel på e-post