Konfirmasjon i Nedstrand sokn 2017

Konfirmasjon 2016/17 i Nedstrand og Skjoldastraumen

 

Kjære 8. klassing: Det gjelder deg!

Du har kanskje begynt å tenke på neste års konfirmasjontid. Det har i alle fall eg. Eg vil med dette invitere til konfirmasjon i Skjoldastraumen kyrkjelyd og Nedstrand kyrkjelyd.

Vi har nettopp hatt konfirmasjon for dei som no går i 9. klasse og du har kanskje høyrt frå dei om det vi har gjort; Off-piste tur, gudstenester, gruppesamlingar, konfirmantleir på Brandøy, innsamlingsaksjon m.m.. Vi kjem til å tilby dykk omtrent det same opplegget som dei har hatt.

Utgangspunktet for konfirmasjonen er at de blei døypte for omtrent 13 år sidan. Då var det foreldra dykkar som valde at de skulle få del i trua på Jesus. Sidan den gang har de blitt meir og meir sjølvstendige og gjer dykk eigne tankar om tru og liv.

Gjennom aktivitetar, undervisning, deltaking i gudstenester osv. ynskjer vi at konfirmanttida skal være ei kjekk tid. Vi snakkar mykje om livet og trua på Gud, Jesus og Den heilage ande. Det skal vere god anledning til å komme med spørsmål og egne tankar. Og kyrkja, som de er ein del av, kommer dykk i møte med trua på Jesus.

Konfirmantinnskriving skjer ved å gå via hjemmesiden til Kyrkja i Tysvær

Påmelding Konfirmasjon 2017

De registrerer informasjon (for konfirmasjon i Nedstrand kyrkje eller Skjoldastraumen kyrkje). Det er viktig at de fyller ut både for konfirmant (NB: mobilnr.) og foreldre (NB: e-mail adr).

Har de problem med dette tar de kontakt på telefon 52757700 i kontortiden.

Eg inviterer konfirmantar og foreldre til informasjonsmøte:

Nedstrand kyrkje onsdag 15. juni kl. 17.00 eller  Skjoldastraumen kyrkje onsdag 15. juni kl. 18.30.

Samlinga varer om lag i 30-45 min. og eg vil informere om opplegget vi har planlagd, og de vil få utlevert delar av programmet og ha anledning til å spørje om ting.

Ta gjerne kontakt om de lurer på noe.

Venleg helsing

Einar Andreassen

Sokneprest                           Mobil: 97108788      Email: einar.andreassen@tysver.kommune.no


Del denne artikkel på e-post