Konfirmasjon i Bokn kyrkje 2017

ORIENTERING OM KONFIRMASJONSTIDA  I  BOKN  2016/17

 

Vel møtt til eit spennande år!

 

Du vil få vera med på noko som du opplever berre denne eine gongen i livet:

 Å VERA KYRKJELYDEN SIN KONFIRMANT.

 

Det er ingen skule du skal gå på. Du melder deg til å delta i eit fellesskap der følgjande ting skal skje:

            1.Undervisning med presten                                      4. Leiarpraksis i barnearbeid

            2.Gruppemøter, i en heim og etter eit kinobesøk          5. Fasteaksjon

            3.Gudstenester                                                        6. Konfirmanttur

           

Programmet vil altså variere mykje - frå Brandøy-tur med aktivitetar og underhaldning til gruppesamlingar med nærleik og samtale. Målet er at du skal kjenna deg heime i kyrkja.

Hugs: DET ER BERRE DETTE ÅRET DU ER KONFIRMANT.

Kanskje det fører til at du må setja andre aktivitetar til sides for å kunne delta i konfirmasjonstida.

Vi reknar med at konfirmantane stiller på alle samlingane. Må du ta fri, så send melding.

 

Påmelding her.

 

Det er fint om du og ein av foreldra dine kan fylle det ut og sende det før 23.juni.

 

Her kjem nokre VIKTIGE  KUNNGJERINGAR OM UNDERVISNINGA:

1) Timane er i utgongspunktet på Bokn bedehus annakvar torsdag kl.18.15 – 19.45.

2) Vi startar opp NB!! onsdag 24. august kl.18.15. på bedehuset.

3) Laurdag 27. august skal vi vera i Tysvær soknehus, saman med Tysvær konfirmantane frå   

    kl.10.00 til ca.15.00. Konfirmantane må sjølv ordna skyss.

4) Søndag 04. september er det presentasjonsgudsteneste for heile familien i Bokn kyrkje kl.11.00.

5) Samling for foreldra på bedehuset er torsdag 01. september kl.19.00.

6) Konfirmantturen går til Brandøy. Dato er helga 20 -22. januar 2017. Leiren er frivilleg.

7) Prisen for materiell og leir er kr.1300,-. (Leiren 900,- og materiell 400,-) Det er mogleg å søkje

     om stønad, dersom økonomien er til hinder for deltaking i konfirmantundervisninga.  

8) Overhøyringsgudstenesta vert søndag 30.april 2017, kl.18.00 med fest på bedehuset etterpå. 

9)    Konfirmasjonsgudstenesta er søndag 07.mai, kl.11.00 i 2017

     Som du ser vert det eit mangfaldig program, men målet er det same heile tida:

 

AT DU SKAL FÅ SJÅ KVA JESUS KRISTUS HAR Å GJE, OG KVA GLEDE OG HJELP DET ER Å TRU PÅ HAN.

 

Har du noko å spørja om eller ønskjer du ein samtale, er du velkomen til det. Det same gjeld foreldra dine. Mine telefonnummer er:  (mob)93415402 eller (p)52777151 eller (a) 52757705.

E.mail adr er: arne.aurdal@tysver.kommune.no

 

VELKOMEN  SOM  KONFIRMANT !

 

Helsing soknepresten, Arne Aurdal


Del denne artikkel på e-post