Babysong i Tysvær

  Velkommen til babysong!

 

Velkommen til babysong på Tysvær Soknehus.

Mor og/eller far med barn i alderen 0 - 12 mnd. er velkommen til

trivelege samlingar sju torsdagar framover, kl. 10.00 -12.00

 

Datoar for  2017

Torsdag 19. januar

Torsdag 26. januar

Torsdag 2. februar

Torsdag 9. februar

Torsdag 16. februar

Torsdag 23. februar

VINTERFERIE 2. mars

Torsdag 9. mars

 

Vi syng og leikar med barna i 30 – 45 min.

Etter songstunda kosar vi oss med mat og prat.

   Ta med matpakke. Kaffi og te har vi på Soknehuset.

 

Er du redd for at du ikkje syng fint nok? På babysong har det ingenting å seie!

 

Vi syng med dei stemmene vi har, og hugs:

”For barnet ditt finnest det ingen stemme i verda som er viktigare enn din!”

På babysong ønskjer vi at barnet skal få ei god oppleving av

tryggleik og nærleik til foreldra.

 

  Dette er eit ”drop-in” tilbod, så vi har ikkje påmelding.

 

Ta med: Matpakke, eit lite teppe til barnet og 10 kr til å dekke utgifter.

 

Babysong er ein del av trusopplæringa ”Kyrkjenær”,

som er kyrkja sitt opplæringstilbod.

Velkommen!

 

Mvh Bergfrid Seibt (91142228)

                 organist i Tysvær og Bokn kyrkje                  

 

Kan de ikkje komme p.g.a. større barn?

Ta kontakt, så finn vi ei praktisk løysing for storebror/storesyster.

 

 


Del denne artikkel på e-post