Gravferd

 

26.01.2016

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.


Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie.

 Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med båreandakta og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.

Kremasjon?

Norsk Kremasjonsstiftelse og Kirkegårdsforeningen har sammen utarbeidet en ny informasjonsfilm. Filmens målgrupper er etterlatte og andre som har behov for å vite mer om kremasjon som gravferdsform. 

Les mer her...


Planlegginga
 I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.

http://kirkegaardskultur.no/2014/08/12/informasjonsfilm-om-kremasjon/