Alle rettigheter 2019 Tysvær kyrkjelege fellesråd

Kyrkjevalet 2019


Det er kyrkjeval (8.) og 9. september 2019. Vil du stille ?

 

Du er invitert til å vere med på å skape framtidas kyrkje! Kyrkja er ein mangfaldig fellesskap. Ulike meiningar ogulikskapar gjer

fellesskapen rikare. Derfor er det behov for nettopp deg eller naboen din i soknerådet.

 

Bli med!

 

Hausten 2019 skal ein velje 7000 medlemer til sokneråda i Den norske kyrkja. Du kan bli med og bestemme kva kyrkja di skal gjere.

Kvar uke inviterer kyrkja titusenvis av folk til aktiviteter, gudstenester og kulturopplevingar. Du kan bidra i arbeidet med å utvikle

kyrkja og kyrkjelyden der du bur.

 

Kyrkja di gjev mange høve for engasjementet ditt. I møta med folk i nabolaget ditt kan haldningane dine og det du gjer, bety mykje.

Soknerådet skal oppnemne ein nominasjonskomité som skal nominere kandidatar. Det er i tillegg høve for andre til å levere inn eigne

kandidatlister. Alle kandidatlister er sett opp i prioritert rekkjefølgje.Til dei regionale bispedømerådsvala vil det finnast lister frå ein

nominasjonskomite (som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd

sender representanten sin), og frå andre nomineringsgrupper.

 

Kva gjer soknerådet?

 

Soknerådet leier verksemda til forsamlinga der du bur. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale

oppgåvene og utfordringane i kyrkja di. Arbeidet til kyrkjelyden spenner over mange tema – m.a. miljø og rettferd, gudsteneste,

musikk, misjon, barne- og ungdomsarbeid, og dessutan jus og økonomiforvalting.

 

Her er nokre døme på soknerådets ansvarsområde:

 

• Trusopplæring blant døypte mellom 0 og 18 år

• Diakonalt arbeid (omsorgstenesta i kyrkja)

• Gudstenester

• Kyrkjemusikk

• Ofringar

• Utleige av kyrkja

• Uttalerett ved tilsetting av prest, prost og biskop

• Samarbeid med frivillige

• Langsiktig planlegging av arbeidet i kyrkjelyden

 

Soknerådet har ein representant i kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjeleg fellesråd tek seg av administrative og økonomiske oppgåver

på vegner av sokna. Soknerådet har 4–10 medlemmar. Medlemmane har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er

òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. Soknerådet møtest 2-5 gonger i halvåret. Medlemmane vert valde for fire år.

Ei undersøking blant soknerådsmedlemmar viste at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meningsfylt å vera med i soknerådet.

85 prosent synest vervet er meir eller like tilfredsstillande som dei hadde forventa.

 

Ti gode grunnar til å vere med i soknerådet:

 

1. Du bidreg til å halda lokalkyrkja levande

2. Du blir del av ein kristen fellesskap

3. Du gjer ein viktig jobb for fellesskapen

4. Du kan sørgje for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge

5. Du får innblikk i og påverkar dei demokratiske prosessane i kyrkja

6. Du får eit nytt nettverk i lokalmiljøet ditt

7. Du kan sørgje for at kyrkja di er ei open og inkluderande kyrkje

8. Du pregar aktivitetstilbodet i nærmiljøet ditt

9. Du får nyttig styreerfaring som du kan bruke i andre samanhengar

10. Du kan oppdage nye sider ved deg sjølv

 

Ved spørsmål ta kontakt med Kyrkjekontoret i Aksdal,

 

Aksdal kyrkje

Tlf.: 52 75 77 00

E-post: ann-margit.gronstad@tysver.kommune.no

 

Eller soknerådsleierar:

 

Førresfjorden sokn:

Sigmund Susort: sisu@equinor.com

 

Tysvær sokn:

Steinar Høyvik: steinar@bergeiendom.no

 

Nedstrand sokn:

Jostein Harboe: josteinharboe@gmail.com

 

Tilbake