Alle rettigheter 2019 Tysvær kyrkjelege fellesråd

Ledig stilling


Me søkjer kateket/ kyrkjelydspedag i Nedstrand sokn.

 

Nedstrand sokn (Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar) har ca 2.000 innbyggarar og ligger ca 50 min med bil frå Haugesund. Det er eit variert gudstenesteliv for store og små i kyrkjelydane og god gudstenestesøkning samt oppslutning om konfirmasjon og trusopplæringstiltak. I soknet/kyrkjelydane arbeider det både kyrkjetenar, organist, kateket og sokneprest.  Arbeidet vert drive av tilsette i samarbeid med frivillige.  Det er kontor både på Nedstrandstunet og i Aksdal kyrkje. 
Kateket/ Kyrkjelydspedagog i Nedstrand sokn (Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar)
 

Frå 15. august 2019 er det ledig  50 % fast stilling som kateket/kyrkjelydspedagog primært i Nedstrand sokn. 

 

Arbeidsoppgåver:


Hovudoppgåver vert ansvar for  planlegging,  gjennomføring og utvikling av tiltak knytt til trusopplæringsplanen for Nedstrand sokn, i samarbeid med dei andre tilsette, sokneråd og frivillige i Nedstrandsokn og Tysvær fellesråd.


Kvalifikasjonar:


Utdanning i tråd med kvalifikasjonskrav for kateket eller kyrkjelydspedagog. 
Den som vert tilsett må disponere eigen bil

Hos den som vert tilsett ønskjer me å finna:


Kyrkjelydsbyggande perspektiv på tenesta der trusopplæringa er ein integrert del av soknet sitt oppdrag med «å vekke og nære det kristelege liv i soknet»
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner særleg i møte med born og unge
Evne til å motivere, inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar
Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i samarbeid med stab og frivillige
Personlig egnethet og evne til fleksibilitet
Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

 

Me tilbyr:


Godt og inspirerande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte kollegaer. Lønn i henhold til tariff . 


Tysvær kyrkjelege fellesråd har gode pensjonsordningar, gruppe- og ulykkesforsikringar i KLP
Endelig stillingsbeskrivelse og arbeidsplan blir utarbeidet

 

Anna:


Den som vert tilsett må leggje frem politiattest (barneomsorgsattest)
Søkaren må være medlem av Den norske kyrkje.

Nærmare opplysningar for stilling som kyrkjelydspedagog/kateket får ein ved å kontakta Kyrkjeverja tlf. 52 75 77 02 eller soknepresten på 93415401 .

Søknad med kopi av vitnemål og attester vert å senda til Kyrkjeverja i Tysvær, Postboks 30, 5575 Aksdal eller på e-post til kyrkja@tysver.kommune.no 

 

Søknadsfrist 13.mai 2019

 

 

Tilbake