Opne kyrkjer i juni


Velkommen inn i kyrkja!
 

 

 

 

Frå måndag 17. til laurdag 22. juni vil Aksdal kyrkje vera open kvar dag
frå kl 11.00 til 13.00.


Me treng stader der vi kan kople av. Kyrkjene er slike rastplassar. Kyrkjerommet er ein stad der me kan oppleve «langsam tid» og møte bodskapen frå Gud om at han vil gi oss kvile.  Ta ein titt på kyrkja sitt interiør og utsmykking, og ha ei stille stund med meditasjon og tenning av lys.
Vertar er til stades som kan vise deg rundt i kyrkja. Du finn faldar med informasjon om kyrkja. Ute i kyrkjetorget er kafeen klar med kaffi og litt til.  Her er plassen for ein prat

Kvar dag vert det lunsjkonsert
kl.11.30-12.00 i Aksdal kyrkje
Velkommen innom!

 

Måndag 17. juni kl 11.30 til 12.00

Johannes Støle, tangentar, og Lars Røthe, perkusjon: “Tangentlek 2.0”

 

Tysdag 18. juni kl 11.30 til 12.00

Helga Gunnes og Ragnhild Meland, song:

 “Denne dagen, eitt liv – folketonar frå morgon til kveld”

 

Onsdag 19. juni kl 11.30 til 12.00

Lars Johannes Liknes: “Blå salmer”

 

Torsdag 20. juni kl 11.30 til 12.00

Kjersti H. Lofthus og Stein Johannes Kolnes: “Sommarmelodiar”

 

Fredag  21. juni kl 11.30 til 12.00

Bergfrid Seibt, Marit Sofie T. Vikre og Arne Aurdal:

“Bli med og syng sommaren inn!”

 

 

Det vert open kyrkje i Nedstrand kvar søndag kl 13-15,  i perioden 23.juni – til og med 11.augst 2019.

Nedstrand Kyrkje som  vart vigsla 15. juli 1868. er ei av mange av arkitekt Linstow. Koret har eit stavkyrkjepreg og dette får heile rommet til å verke meir lunt og romsleg på same tid.

Altertavla er frå 1611 og har pryda tre kyrkjer i Nedstrand. Thomas snekker er meistaren for dei detaljrike utskjeringane, og Peter Reimers stod for målarkunsten. I 1628-29 var også den kjende tyske målaren Gottrid Hendtzel her. Desse kunstnarane har sett sitt preg på mange kyrkjer, då særleg her i Ryfylke.

Kyrkja har meir enn altertavla å vise fram og i tillegg er den gamle kyrkjegarden verdt eit besøk.

Tilbake