Påmelding konfirmanter Bokn


Påmelding for kull 2008
konfirmantåret  2022-2023

 

Konfirmanter våren 2023

Vel møtt til eit spennande år!

 

Du vil få vera med på noko som du opplever berre denne eine gongen i livet:

Å VERA KYRKJELYDEN SIN KONFIRMANT.

 

Det er ingen skule du skal gå på. Du melder deg til å delta i eit fellesskap der følgjande ting skal skje:

            1.Undervisning med presten                                     

            2.Kinobesøk     

            3.Gudstenester, nokre av dei med oppgåver    

            4. Leiarpraksis i barnearbeid

            5. Fasteaksjon

            6. Konfirmantweekend

Programmet vil altså variere mykje - frå Brandøy-tur med aktivitetar og underhaldning til gruppesamlingar med nærleik og samtale. Målet er at du skal kjenna deg heime i kyrkja.

Hugs: DET ER BERRE DETTE ÅRET DU ER KONFIRMANT.

Kanskje det fører til at du må setja andre aktivitetar til sides for å kunne delta i konfirmasjonstida.

Vi reknar med at konfirmantane stiller på alle samlingane. Må du ta fri, så send melding

 

Det er fint om du og ein av foreldra dine kan fylle ut påmedlingsskjema nederst på sida her, før 23.juni.

Her kjem nokre VIKTIGE  KUNNGJERINGAR OM UNDERVISNINGA:

1) Timane er i utgongspunktet på Bokn bedehus annakvar torsdag kl.18.00 – 19.15.

2) Vi startar opp torsdag 25.august kl.18.00. på bedehuset.

3) Laurdag 27.august skal vi vera i Tysvær soknehus, saman med Tysvær konfirmantane frå   

    kl.10.00 til ca.15.00. Konfirmantane må sjølv ordna skyss.

4) Søndag 28.august er det presentasjonsgudsteneste for heile familien i Bokn kyrkje kl.11.00.

5) Samling for foreldra er på bedehuset tirsdag 6.september kl.20.00.

6) Konfirmantleiren går til Brandøy. Dato er helga 27-29.januar 2023. Leiren er frivilleg. (Pris 1900 kr)

7) Det kommer til å koste litt for undervisninga/matriell gjennom konfirmantåret.(600 kr)  Det er mogleg å søkje  om stønad, dersom økonomien er til hinder for deltaking i konfirmantundervisninga.  

8) Ung Messe (samtalegudstjeneste) vert søndag 7.mai (foreløpig dato) med fest på bedehuset etterpå. 

     Konfirmasjonsgudstenesta er søndag 14.mai. kl.11.00 i 2023. (Ps. Det kan bli satt opp fleire gudstjenester)

 

     Som du ser vert det eit mangfaldig program, men målet er det same heile tida:

AT DU SKAL FÅ SJÅ KVA JESUS KRISTUS HAR Å GJE, OG KVA GLEDE OG HJELP DET ER Å TRU PÅ HAN.

Har du noko å spørja om eller ønskjer du ein samtale, er du velkomen til det. Det same gjeld foreldra dine. Mitt telefonnummer er:  (mob) 40400686  

E-mail adressa ertor.eriksen@tysver.kommune.no

VELKOMEN  SOM  KONFIRMANT !

Helsing soknepresten, Tor Egil Eriksen

 

Påmelding til konfirmasjon

 

Tilbake