Temagudsteneste - Fiske og sjøfart - Bokn kyrkje


Søndag 1. oktober kl. 18.00. Fiske og sjøfart har vært grunnpillaren i livet til boknarane frå tidlegaste busetnad. Ta med deg ein fiskar eller sjømann og kom til kyrkja du og!

Velkomen til temagudsteneste 

Fiske og sjøfart har vært grunnpillaren i livet til boknarane frå tidlegaste busetnad. Dei har gitt mat på bordet, og kravd sine menn. Og mange er dei som har gått og går og ventar sine heim frå sjøen. Dette vil me løfta fram for Gud med takk og i forbøn om at alle vil koma trygge heim frå sjøen.

 

Prest Tor Egil Eriksen ynskjer spesielt å invitera hummarfiskarar.
Organist Håkon Areklett tek med seg koret: Scala fra Torvastad.

Det vert servert «kyrkjkvelds»  -nydelege fiskekaker  frå Bokn Sjømat.

Ta med deg ein fiskar eller sjømann og kom til kyrkja du og!

Tilbake