Bryllup


Bryllup


Skal de gifte dykk? Gratulerer!

Ynskjer de å gifte dykk i ei av kyrkjene i Tysvær eller Bokn? Då tek du kontakt med kyrkjekontoret i Aksdal, tlf 52 75 77 00, for å avtale tid og stad.

Der vil me ha info om brud og brudgom sine namn, personnummer, adresser og telefonnummer.

Det er folkeregisteret som er prøvingsinstans og ser til at alt er formelt i orden for at de kan gifte dykk. De må sjølv sjå til at alle nødvendige papir blir sendt folkeregisteret i tide slik at kyrkjekontoret får prøvingsattest i god tid før vigsla. Skal du gifte deg, må du søke om prøvingsattest frå skattekontoret. Forventa behandlingstid er minst to til tre veker. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader frå utstedt dato. Papira og rettleiing finn de på www.skatteetaten.no. 

Post adresse til Haugesund skattekontor er: Skatt vest - Skattekontoret haugesund, Postboks 115, 5501 Haugesund.

På www.kirken.no finn de informasjon om vigselsseremonien.

 

Ca ein månad før vigsla får de eit brev i posten med informasjon om kven som blir prest og organist i vigsla dykkar, og kontaktinfo til desse. Då tek de kontakt med presten for å avtale tid for vigselssamtale.

Det er gebyr kr 3000,- på vigsler for par som ikkje har tilknytting til Tysvær eller Bokn, dvs har vakse opp der eller er døypt eller konfirmert der.

 

Har du spørsmål du ikkje fekk svar på her? Ring oss gjerne.
 

Tilbake