Julekonsert i Nedstrand 17.des


Julekonsert i Nedstrand 17.des


17.des kl.19.30 starter årest julekonsert i Nedstrand

 
Også i år inviterer Nedstrand Kyrkje til de  tradisjonsrike julekonserten søndag før jul. 

I år gled eg meg verkeleg, for eg har fått med et flott lag med solistar og musikerar, seier Arne Myskja som også i år leier arbeidet med konserten. Eg trur at saman med dei, koret og ei sangglad forsamling, kan vi skape ein spesiell kveld i kyrkja. Eg håper det kan bli ein kveld både til trøst og glede.

Ole Morten Velde er spesiell gjest i år. Han har ei stor stjerne på Haugalandet, men er også ein markert artist utanfor vår region. Han har sang- og operautdanning og har hatt viktige roller i fleire musikaloppsetningar. På konserten vil vi få høyre alt frå den amerikanske klassikaren «Have yourself a merry little Christmas» til «The Prayer» og «Den hellige stad». Saman med han skal våre lokale solistar Ingrid Hustoft Landro, Åsne Hustoft, Jorunn Sande Baustad og Ingrid Langballe Skogvold bidra. Så blir det også i år prosjektkor som skal setje spiss på det heile.

Så er allsang også ein viktig del av kvelden og vi skal synge nye og gamle julesangar saman.

Bandet for kvelden blir leda av John-Olof Haakonset (piano) med Anders lunde (bass), Arne Haugen (trommer), Torleif Fossum (gitar), Berit Johanne Folkedal (trompet) og Trond Schølberg (steelgitar/gitar).

Vel møtt!

 

Tilbake