12. til 17. mars, er kyrkjelydane på Bokn og i Tysvær sokn så heldige å få visitas av biskop Anne Lise Ådnøy. Det er ope program i kyrkjelydane, der biskopen vonar å møte så mange som råd. Les mer for program 13., 14., 16., og 17. mars.
Du kan også lese om besøket i 1. utgave av kyrkjetoner for 2024 på side 3, artikkel av Tor Egil Eriksen.
Program
Onsdag 13. mars
18:00 Gudsteneste i Bokn Kyrkje
19:00 Fest i Bokn Arena, her er det fint om ein melder seg på.
Torsdag 14. mars
16:00 Supertorsdag på Soknehuset.
Middag for alle og aktiviteter. Påmelding.
19:00 «Kyrkja og Bygda». Ope møte om kva kyrkja skal vere i tida framover i Tysvær Sokn. Alle velkomne, enkel bevertning.
Laurdag 16. mars:
Biskopen vitjar ungdomsklubben.
Søndag 17. mars:
Visitasgudsteneste i Tysvær Kyrkje.
I fem travle dagar skal biskopen og hennar følge få sjå deler av kommunane, inklusiv næringsliv og møte ordførarane og nokre av deira stabar. Skulebesøk i Tysværvåg og på Sjukestova på Bokn, og fotturar begge stader. Målet er å bli kjend og forstå meir av korleis folk har det i sokna, frå dei unge til dei gamle.
Kyrkjelydane vert og vitja, og sokneråd og tilsette vert møtt.
Onsdag er sett av til Bokn og torsdag til Tysvær. Her vil det begge stadar vere program der biskopen vonar å få treffe så mange som råd frå lokalsamfunna. Det heile vert avslutta med ei felles gudsteneste i Tysvær Kyrkje søndag 17 mars med mange gode ressursar. Biskopen preikar og Lars Johan Liknes med vener vert med og «jazzar» opp litt av salmesongen. Deretter vert det kyrkjekaffi på Soknehuset der biskopen summerer opp visitasen med sitt visitasforedrag.
Vonar at mange set av dagane og blir med på å gjere visitasen til ei god oppleving for oss alle, og at den kan vere med å gje inspirasjon til vidare arbeid i kyrkjelydane. Velkomne!