Jørn Øyrehagen Sunde om landslova


Velkommen til ein historietime du vil hugse i Aksdal kyrkje sundag 22. september kl. 16:00. I år er det 1000 år sidan kristenretten på Moster, og 750 år sidan me fekk Magnus Lagabøters landslov. Les mer for påmelding og informasjon.

Du kan kjøpe billetter her på Tysværtunet Kulturhus sine nettsider.

Kong Magnus 6. Lagabøter er kongen som ikkje skulle verta konge, og som vart ein av dei store lovgjevarane i norsk og europeisk historie. I staden for å få regjeringserfaring ved hoffet, vart han utdanna av fransiskanarmunkar. Kanskje difor fekk han eit annleis syn på samfunnet, og laga med Landslova av 1274 ei lovbok som prøvde å ta omsyn til både den med makt og dei makteslause, og dei som levde og framtidige generasjonar. Landslova kombinerte eldre norsk rettstradisjon med tankar utvikla i europeisk teologisk filosofi. Men kong Magnus var ikkje åleine i lovarbeidet, og dronning Ingeborg, Tore Håkonsson biskopsson og Audun Hugleiksson var dei av kongen sine nære medarbeidarar som sette sterkast preg på Landslova. Landslova var med og forma norsk politikk, samfunn og rett heilt fram til 1687, og er ved sida av Grunnlova kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie. 

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen, og ein stor kapasitet på sitt fagfelt. Han har via formidling mykje merksemd, og har halde nesten 800 føredrag utanfor akademia. Han vore med å laga fire historiske utstillingar, delteke i radio- og tv-program, og skrive ei rad kronikkar og lesarinnlegg. Sunde har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, og fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling. I 2020 held han Aarebrot-førelesinga om kommunikasjonsteknologi og rettsstat i rettshistoria, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen av universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysvær historielag, Seniorperler, Tysvær bibliotek og Førresfjorden menighet.

Foto: Hans Jørgen Brun

Tilbake