Endring av vedtekter for gravplassane i Tysvær - Høyring


Det ligg nå føre utkast til nye vedtekter for gravplassane i Tysvær kommune. Desse vert lagt ut på høyring. Alle som har innspel til høyringa kan koma med høyringsuttale. Instansar som får dette skrivet tilsendt er særleg oppfordra til å koma med høyringsuttale.

Dei nye vedtektene er utforma etter anbefalt mal frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Det er denne instansen som er nasjonal myndighet for gravplassområdet.

 

Me vil punktvis peika på dei mest vesentlege endringane i tillegg til at både gjeldande og nye vedtekter ligg ved denne brevet:

 

  • § 1 Definisjonar

 

Denne paragrafen er tatt inn i vedtektene for å gi lesaren ei oversikt over nokre ord og omgrep.

 

  • § 4 Fredingstid

 

Her føreslår me å endra fredingstida til det som føl av lova, 20 år mot 30 år i dag. Dei felta som ikkje har tilstrekkeleg nedbryting er på eit tidlegare tidspunkt stengt for gjenbruk, sjå § 5. Det føreligg etter vår vurdering ikkje grunnlag for å oppretthalda den utvida fredingstida. 

 

  • § 7 Grav og gravminne

 

Her vurderer me å opna for at det kan setjast opp gravminne etter 3 månadar på nye gravfelt som er anlagt etter 2010, medan me held på 6 månadar som i dag på dei andre felta. Her er det ulike erfaringar med kva utfordringar dette gir, mellom anna i forhold til setningar mv. og me vil gjerne ha innspel frå høyringsinstansane her på om høyringsinstansane ønske slik endring eller ikkje. 

 

  • § 8 Plantefelt

 

Her er det ei mindre justering av plantefeltet. Tidlegare kunne det stikka 65 cm fram, nå 60 cm. 

 

  • § 10 Stell av grav

 

Tidlegare var det og mulighet for å oppretta gravlegat. Denne muligheten vart tatt bort i 2022. 

 

  • § 11 Namna Minnelund

 

Denne paragrafen er nå tatt inn i vedtektene då det vil bli etablert namna minnelundar på fleire av gravplassane i Tysvær i 2024/2025.

 

  • § 17 Vern og bevaring

 

Denne paragrafen vert tatt inn i vedtektene nå slik at dette er klart i vedtektene til me får vedtatt ein plan for vern av gravplassar/gravminne i løpet av nær framtid.

 

Det er mulig å finna meir informasjon om vedtekter for gravplassar, samt sjå malen til vedtekter som me her har tatt utgangspunkt i, ved å gå inn på denne linken

 

Høyringsfristen er UTVIDA til;   31.DESEMBER 2024

 

Høyringsvar skal sendast til; 

 

Tysvær Kyrkjelege Fellesråd, Pb 30, 5575 Aksdal, Epost: post.kyrkja@tysver.kommune.no

 

 

 

 

Mvh 

 

Ottar Krakk

Kyrkjeverje

Tlf 93216644

 

 

Vedlegg:

Tilbake