Samarbeidsprosjekt mellom fellesråda i Bokn, Etne, Tysvær og Vindafjord


Samarbeidsprosjekt mellom fellesråda i Bokn, Etne, Tysvær og Vindafjord


Dei fire Fellesråda har nyleg mottatt tilskot til å utgreie eit samarbeid. Tilskot er gitt frå Kyrkjerådet og vert tildelt fellesråd som ønskjer å utgreie korleis ein best mogleg kan løysa oppgåvene som kyrkjekontora lokalt har ansvar for, gjerne då på tvers av nåverande organisering. 

Fellesråda ser at me er sårbare kvar for oss, me har få tilsette, som igjen har eit bredt ansvar for drifta av vår aktivitet både i kyrkjene og på gravplassane. Det vert og stilt stadig større formelle krav til oss som arbeidsgivarar og som ansvarlege for bygg og drift. Me har framleis gode samarbeidsavtalar med kommunane, men samtidig er ikkje kyrkja like integrert i kommunen si drift som tidlegare.

 

Mykje av arbeidet må gjerast lokalt, tett knytt til bygda og den lokale kyrkja. Andre deler kan me gjerne samarbeida meir om, særleg gjeld dette administrative oppgåver og leiing. Me vil då vera mindre sårbare ved sjukdom og andre vakansar. Me har tru på at me ved å bruka ressursane våre saman så kan me gi betre tenester til folket i våre bygder.    

 

Følgande hovudalternativ skal utgreiast:

 

  • Samanslåing av fellesråda
  • Felles administrasjon/leiing av råda
  • Lokalisere område der ein kan ha eit utvida samarbeid/«vertsfellesråd»  samtidig som råda består som sjølvstendige einingar med eiga leiing
  • Desse tre alternativa skal vurderast opp mot kvarande og mot «nullalternativet». «Nullalternativet» er å fortsetje som i dag

 

Dei fire fellesråda ser at det kan vera gode grunnar for eit utvida samarbeid, men er samtidig noko usikre på om full samanslåing er mogleg og beste løysing nå.  Råda har derfor eit ønske om å utgreie eit utvida samarbeid mellom råda, ev samanslåing av råd.

 

Prosjektet er i startfasen nå og skal sluttførast innan 31.12.2025. Øyvind Valen frå Vindafjord er engasjert som prosjektmedarbeidar og vil arbeida med prosjektet framover.

 

Me ser fram til dette arbeidet og vil invitera sokneråda, dei tilsette og andre interesserte til å koma med sine bidrag i denne prosessen. Første stoppunkt her vil vera i mai/juni då det skal ligga føre litt klarare skisser som viser kva retning arbeidet kan ta.

 

Februar 2025

 

Fellesrådsleiarane i Bokn, Etne, Tysvær og Vindafjord

Åse Bratthammer

Gerd Ingunn Opdal

Ingvar Frøyland

Steinar Sørhus

Tilbake