Salmer og Messe


Salmer og Messe


Salmer & messe med Østebøvikane

Skjoldastraumen kyrkje søndag 1.februar kl 18.00

Velkommen til Salmer & messe - ei musikalsk samling der me syng salmeskattar saman.

Salmer på pub er eit konsept som har hatt stor suksess rundt om i Norge. Østebøvikane  gjorde sin lokale variant på Bokn i haust og det blei suksess med utseldt arrangement.

No kjem dei til Skjoldastraumen og i samarbeid med soknerådet  blir det ein ny versjon; Salmer & messe.

Saman skal me synge kjende salmar – både i velkjend form og i ny musikalsk drakt. Her er det ingen songplikt – berre songmoglegheit. Du kan syngje med så høgt du vil, så lågt du vil, eller berre lytte.

Østebøvikane består av Øyvind på gitar, Kjetil på bass, Ørjan på slagverk/perkusjon og far Øystein på tangenter og sang. Dei sørger for ei ei varm og uformell ramme i kyrkjerommet. Songhefte blir delte ut, så ingen treng å late som dei kan teksten. Sokneprest Dag Tormod Milje er med.

Soknerådet sørger for at det blir fri entre – med anledning til kollekt. Møt i god tid for det kan bli fullt.

Tilbake