Skal fellesråda i Tysvær og Vindafjord så seg saman til eit fellesråd?


Skal fellesråda i Tysvær og Vindafjord så seg saman til eit fellesråd?


Skal dei kyrkjelege fellesråda i Tysvær og Vindafjord slå seg saman?  Bakgrunnen for at dei to fellesråda har arbeidd med denne saka er mellom anna at ein trur at dette kan gjera det lettare å ha den kompetansen som det er trong for i tenestene. I dag skal kvar kyrkjeverje i kommunen  ha ansvaret for gravferdsforvaltning, økonomistyring, vurdera bygningstilstand, vedlikehaldsarbeid og investeringar til 5-8 kyrkjer og 5-10 gravplassar, samt ha  personalansvar for 15-20 personar. Til dette er det i praksis berre ein sekretær i deltid dela oppgåvene med. Særleg vil dette merkast ved lengre vakansar, og ein større organisasjon vil gjera fellesrådet og administrasjonen  mindre sårbar og meir robust.

I tillegg er ein liten organisasjon sårbar i forhold til økonomiske utfordringar som kan koma.

Fellesråda har oppnemnd ei fellesnemnd som har kome fram til avtalar rundt økonomi og representasjon. Det har vore møter med dei kommunale leiingane, og det er her felles forståing for korleis dette skal gjerast vidare. Tysvær kommune har finansiert ekstra tiltak i drifta, til dømes diakoni,  som og i framtida skal utførast i Tysvær, men elles er det slik at fleire tilsette i dei ulike gruppene kan skapa større kompetansenettverk og gje betre moglegheiter til å avhjelpa korte vakansar.

 

Det er foreslått korleis alle sokn kan vera representert i fellesrådet når dei i årlege møte handsamar budsjett, årsmelding og utbyggingssaker, samtidig som balansen mellom dei to tidlegare fellesråda blir god. Det er og foreslått eit mindre arbeidsutval som skal ha ansvar for mykje av det som dei to fellesråda i dag handsamar i møta sine.

 

Utfordringar med samanslåinga kan vera den geografiske avstanden, større følt avstand mellom kyrkjeverjekontoret og sokna, samt at det kan bli  meir uoversiktleg for kyrkjeverja når det blir fleire tilsette og fleire bygg å ha ansvar for. Til slutt blir det og sagt noko om korleis slike utfordringar eventuelt kan møtast.

 

Fellesnemnda vedtok 27. mai at ein vil slå saman dei to fellesråda. Dette vart stadfesta i dei to fellesråda, i eigne møte 3. juni. Saka er nå sendt ut på høyring med høyringsfrist 20. august. Endeleg vedtak etter høyringa blir i fellesrådsmøter 26. august. Dersom fellesråda opprettheld vedtak om samanslåing er det opp til Kyrkjerådet  å godkjenne samanslåinga.

 

Ønske du å lese meir om saka klikk på linken her: HØYRINGSDOKUMENT

Tilbake