Kjære 5. klassing!


Kjære 5. klassing!


 

Velkommen til leir på Stemnestaden!

 

Har du vore på leir før?

Har du padla i kano?

Veit du kor mange bøker Bibelen består av?

 

   

 

Stemnestaden i Grinde

15. - 17. mars 2019

 

Denne leiren er felles for alle 5. klassingane i Tysvær og Bokn, så her gjeld det å vere rask med påmeldinga!

"Først mann til mølla!"

 

Oppstart: Fredag kl 19.00

Slutt: Søndag etter gudstenesta i Aksdal kyrkje, ca kl 12.15

Alle deltakerar er med og deltar på gudstenesta.

- aktivitetar ute og inne

- m.a. kanopadling, klatring, ballspel , natursti

- underhaldningskveld

- kiosk

- fellessamlingar med Bibelen som tema

- førebuing til gudsteneste

 

Søndag 17.mars skal vi til Aksdal kyrkje på gudsteneste.

Her vil 5 kl. fra Førresfjorden få Bibelen sin.

Dei fra Nedstrand, Skjoldastraumen, Tysvær og Bokn har fått tidlegare.

 

 

 

Slekt, venner og fadrar er velkomne til gudstenesta som begynner kl 11.00

Denne helga er eit  ledd i trusopplæringa  ”Kyrkjenær” og me håpar at du skal bli betre kjent med Bibelen.

 

 

PÅMELDING HER!

 

Påmelding: Innan torsdag 21. februar 2019

 

Pris: 600 kr. Faktura blir sendt ut etter leiren.

 

Har du behov for meir informasjon?

Ta kontakt med Kari Undheim 

Tlf 52 75 77 06 / E-post : kundheim@tysver.kommune.no

 

NB! Det går an å sove heime, om det kjennes best.

 

Gje beskjed :

- dersom vi ikkje får lov å bruke bilete av barnet til presseomtale, internett, brosjyrar e.l.

- om barnet har matvareallergi

- om barnet treng særskild tilrettelegging p.g.a funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar eller liknande

- evt ønske om romkamerat

- om føresette kan hjelpe til på deler av leiren

 

PAKKELISTE TIL LEIREN:

Drikkeflaske
Toalettsaker
Handkle
Sovepose / dyne og sengetøy
Laken & pute
Regn- og utekler
Varme kler
Klesbyte
Skrivesaker
Innesko
Støvlar

Litt pengar til kiosk

 

Til foreldre / føresette:

Dersom barnet tar med mobil eller andre verdisaker, er dette på eige ansvar.

Dersom barnet ringer heim om problemer på leiren, ta kontakt med ein av oss leiarane.
Vi kan prøve å oppklare situasjonen.

Kari: 92 80 81 03

Marit Sofie: 48 13 54 57

Jan Magne: 91 35 96 68

 

Vennleg helsing

Kari Undheim,  Marit Sofie T. Vikre og Jan Magne Moi,

Kyrkjenær i Tysvær og Bokn


 

 

Tilbake