Vi har ledig 50 % stilling som organist/kyrkjemusikar i Nedstrand sokn.
Nedstrand sokn har ca 1000 innbyggarar fordelt på Nedstrand og Skjoldastraumen kyrkjelydar. Det er eit variert gudstenesteliv for store og små i kyrkjelyden, stabil gudstenestesøkning i dei to kyrkjene og god oppslutning om konfirmasjon og trusopplæringstiltak. I kyrkjelydane arbeider det både kyrkjetenar, organist, kyrkjepedagog og sokneprest. Arbeidet vert drive av tilsette i samarbeid med vaksne frivillige og ungdomsleiarar. I Aksdal kyrkje er det ei større kontoravdeling for fleire tilsette, mellom anna for organistane.
Den norske kyrkja, Tysvær kyrkjelege fellesråd har for snarleg tiltreding ledig 50 % stilling som organist/kyrkjemusikkar. Det kan bli mogleg å utvide stillinga. Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane.
Arbeidsoppgåver:
- Hovudoppgåver vert planlegging og gjennomføring av gudstenester og nokre kyrkjelege handlingar
- Samarbeid med kyrkjelydspedagogen og sokneprest om å utvikle kyrkjemusikalsk arbeid blant born, unge og vaksne.
- Samarbeid med sokneprest og kyrkjelydspedagog om førebuing av gudstenester knytt opp mot trusopplæringstiltak.
Kvalifikasjonar:
- Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant musikkutdanning og realkompetanse
- Erfaring fra tilsvarande arbeid
- Erfaring og interesse for kyrkjelydsarbeid.
Hos den som vert tilsett ønskjer me å finna:
- Kyrkjelydsbyggande perspektiv på tenesta
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med born og unge
- Evne til å involvere, motivere og inspirere frivillige medarbeidarar
- Evne til å jobbe strukturert, sjølvstendig og i samarbeid med stab og frivillige
- Personlig egnethet og evne til fleksibilitet
Den som vert tilsett må:
- Disponere eigen bil
- Være medlem av Den norske kyrkja
- Beherske norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Legge fram politiattest ihht. Kyrkjelova § 29.
Me tilbyr:
- Godt og inspirerande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte kollegaer.
- Allsidig og aktivt gudstenesteliv.
- Lønn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
- Endelig stillingsbeskrivelse og arbeidsplan blir utarbeida
- Tysvær kyrkjelege fellesråd har gode pensjonsordningar, gruppe- og ulykkesforsikringar i KLP
Nærmare opplysningar for stilling som kyrkjemusikkar får ein ved å kontakta kyrkjeverja tlf. 52 75 77 02. Søknad med kopi av vitnemål og attester vert å senda til Kyrkjeverja i Tysvær, Postboks 30, 5575 Aksdal eller på e-post til kyrkja@tysver.kommune.no
Sjå meir på fellesrådets heimmesider www.tysvaerkirken.no