Tysvær er eit sokn i Tysvær kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. Det har nesten 2 400 inbyggjarar (2013) og omfattar den sørvestre delen av kommunen.
Tysvær kyrkje ligg ved botnen av Vågen (Tysværvågen), ei grein av Førlandsfjorden, omtrent midt i soknet. Soknet høyrer til Haugaland prosti.
Historikk
Tysvær kommune vart oppretta i 1849 og hadde same grenser som kyrkjesoknet fram til kommunesamanslåinga i 1965. Same år vart Tysvær sokn utvida då Gismarvik krins vart overført frå Avaldsnes sokn, og Vordeneset kapelldistrikt vart overført frå Skjold sokn. Vordeneset vart likevel overflytta til Nedstrand sokn i 1969.
Tysvær sokn. (2013, oktober 18). Wikipedia, det frie oppslagsverket. Henta 20:47, 2. juni 2023 frå //nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Tysv%C3%A6r_sokn&oldid=2595015.