Om Tysvær kyrkje


Tysvær kyrkje

Tysvær kyrkje vart vigsla 3.november 1852 av biskop von der Lippe. Kyrkja blei plassert litt lenger aust enn den forrige kyrkja som vart bygd i 1630.


I 1928 blei kyrkja utvida med to sakristi – eit dåpssakristi og eit prestesakristi. Straum blei lagt inn i starten av 1950-talet, og då blei den gamle vedomnen fjerna. Utbetringar og endringar har foregått underveis, slik at kyrkja blei meir funksjonell. Bl.a blei kyrkja restaurert og fornya i 1977, då kyrkja feira 125-årsjubileum.

Altertavla blei utvida, nokre av benkane blei ombygd slik at dei blei betre å sitja på, det blei utført isoleringsarbeid, ekstra vindauge blei sett inn og ny trapp frå våpenhuset opp til galleriet blei skifta ut.

INVENTAR I KYRKJA:

Det er to kyrkjeklokker i Tysvær kyrkje. Den eldste er over 400-år gammal, og den yngste er frå 1927.

Orgelet som er i kyrkja i dag er frå 1973, og er bygd av Norsk Orgel og harmoniumsfabrikk i Snertingdal.
Det har vore piano i kyrkja sidan 1985.

Altertavlene
Då kyrkja var ny, hang det ein kross over alteret fram til 1912.
Krossen heng i dag  på veggen i prestesakristiet.
I 1912 fekk kyrkja si første altertavle. Den er malt av O.Olsen frå Haugesund.  Motivet er henta frå bibelforteljinga om Jesus som går på vatnet. Nedst på altertavla står teksten: «Herre! Frels mig! Matth 14,30.»


I 1938 fekk kyrkja si andre altertavle, som er malt av Ole Frøvig frå Haugesund.

Motivet på denne altertavla er henta frå «Jesus og Emmausvandrarane.» Under altertavla står bibelteksten frå Luk 24, 29: « Ver hjå oss.»

Fredrik 2.`s bibel frå 1589

Bibelen blei gitt i gåve, og er ein revisjon av Christian den 3.`s Bibel av 1550.
Innbindingen var skrøpelig, så  Bibelen blei restaurert.

Døypefonten er av kleberstein, og var tidlegare blåmalt. Denne stod opprinneleg i den gamle kyrkja som blei bygd i 1630.

Alterlysestakane, messehakelensom heng innramma i prestesakristiet, alterbrødbosken og ei kollektbøsse er alle gjenstander frå den gamle kyrkja.

Gåver

Gjennom åra har kyrkja fått mange fine gåver:  Sølv, ljoskrone, golvløpar, kyrkjeskip, julekrubbe,brurestolar med meir.

Kilde: Dagfinn Hellesøy, 2002. Tysvær kyrkje gjennom tidene.

 

Tilbake