Givarteneste Førresfjorden sokn


I Førresfjorden sokn er me glade for kvar person som er med og gir fast til vårt diakonale arbeid. 

 

Faste givarar er med og sikrer langsiktighet og gjer det mogleg å planlegge.

 

Kva går pengane til?

Det diakonale arbeidet vårt rommar omsorg til mennesker i ulike situasjonar og aldersgrupper: Når du gir til dette arbeidet, gir du til:

Arbeid for mennesker med utviklingshemming
Støtte- og samtalegrupper
Omsorg for alvorlig sjuke og døyande og deira pårørande
Arbeid blant innvandrarar/bosatte flyktningar

Grønn menighet
Besøkstjeneste & Forbønnsteneste
Go kvelder & Lunsjtreff

 

Korleis gi?
Autogiro:

Du kan opprette fast trekk til diakoniarbeidet i menigheten i nettbanken din. 

Kontonr. du gir til er 3240 17 77570

Eingangsbeløp:

Dersom du ikkje ønsker å binde deg til noko fast trekk, så kan du gi ei gåve når det passar deg. Du kan då betale inn på:

Kontonr. 3240 17 77570
Vipps til 100203

Merk betalingane "Giverteneste"

 

Visste du at du får skattefrådrag?

Gåver til Den norsk kirke gir skattefradrag. I 2020 kan du få fradrag i skattepliktig inntekt for gåver med ein årlig verdi på 500-50.000 kroner.

Dette inneber opptil 11.000 kroner mindre å betala i skatt. For at du skal få skattereduksjon for di gåve, krev myndigheitene at me rapporterer inn beløpet for deg, saman med ditt 11-sifra fødselsnummer (fødselsdato og personnummer).

Så sant vi har ditt fødselsnummer, vil me senda rapport til Skattedirektoratet, og gåveverdien vil automatisk kome til fratrekk på berekninga av skatt i di sjølvmelding. For å registrere deg som givar med skattefrådrag, send navn og personnummer til kyrkja@tysver.kommune.no

Alle beløp er velkomne.

OBS! Kontonummeret 3333.07.16970 som er brukt tidligare vil bli sletta.

 LES MEIR HER

 

Tilbake