AKSDAL KYRKJE FEIRAR I ÅR 25 ÅR!


 Les meir om korleis feiringa blir, og om logoen tilknytta jubileèt.

 

Torsdag 27.august 2020 er det akkurat 25 år sidan biskop Bjørn Bue vigsla kyrkja. Soknerådet har oppnemnd ein jubileumskomite som sidan i haust har planlagt ei spennande feiring i jubileumshelga 27.aug. til 1.sept.

Me hadde mykje på gang: Konsertar, foredrag, intervju og gudstenester stod på programmet. Me hadde ikkje minst gleda oss til ikkje mindre enn 25 timars spennande og samanhengande program frå laurdag 29.aug. og til og med festgudstenesta søndag.

Me hadde vona på døyning i Aksdal kyrkje! Korleis gjennomføring no kan bli, veit me ikkje heilt klart, men me satsar no på litt program på lørdagen og ei festgudsteneste på søndagen i den grad dette er mogleg. Me må sjølvsagt følga dei råd styresmaktene kjem med framover.



 Janne Eide har laga den fine logoen. Kvifor ser den ut som den gjer? 

Ho beskriv logoen slik:

Utgangspunkt er kyrkjebygget. Utrykket er forenkla; kyrkja er «opna» i den forstand at delen som ligg mot høgre er open ut mot samfunnet, samstundes som ein blir dratt inn mot ein midte (noko som foreiner oss) - omlag der Kristusfiguren viser seg inne i kyrkja.

Sirkelen bak og «spilene» utover er eigentleg henta frå inspirasjon frå lysekronene inne i kyrkja, men heilheita kan også assosierast med klokka og hjul, og sirkelen er jo evighetssymbolet!

Uttrykket understreker også at kyrkja er sentralt plassert i miljøet.

 

Tilbake