Det er stille i seremonirommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.
Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie.
Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Gravferda kan gi sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, kransepålegging, og etter lystenning gis dei som er med høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.
Kremasjon?
Norsk Kremasjonsstiftelse og Kirkegårdsforeningen har sammen utarbeidet en ny informasjonsfilm. Filmens målgrupper er etterlatte og andre som har behov for å vite mer om kremasjon som gravferdsform.
Se film her
Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.