Konfirmasjon i Bokn kyrkje 2019


Konfirmasjon i Bokn kyrkje 2019


 

ORIENTERING OM KONFIRMASJONSTIDA  I  BOKN  2018/19

 

Vel møtt til eit spennande år!

 

Du vil få vera med på noko som du opplever berre denne eine gongen i livet:

Å VERA KYRKJELYDEN SIN KONFIRMANT.

 

Det er ingen skule du skal gå på. Du melder deg til å delta i eit fellesskap der følgjande ting skal skje:

            1. Undervisning med presten                                          4. Leiarpraksis i barnearbeid

            2. Gruppemøter, i en heim og etter eit kinobesøk          5. Fasteaksjon

            3. Gudstenester                                                              6. Konfirmanttur

           

Programmet vil altså variere mykje - frå Brandøy-tur med aktivitetar og underhaldning til gruppesamlingar med nærleik og samtale. Målet er at du skal kjenna deg heime i kyrkja.

Hugs: DET ER BERRE DETTE ÅRET DU ER KONFIRMANT.

Kanskje det fører til at du må setja andre aktivitetar til sides for å kunne delta i konfirmasjonstida.

Vi reknar med at konfirmantane stiller på alle samlingane. Må du ta fri, så send melding.

 

Påmelding her.

 

Det er fint om du og ein av foreldra dine kan fylle det ut og sende det før 22.06.2018

 

Her kjem nokre VIKTIGE  KUNNGJERINGAR OM UNDERVISNINGA:

1) Timane er i utgongspunktet på Bokn bedehus annakvar torsdag kl.18.15 – 19.45.

2) Vi startar opp torsdag 23. august kl.18.15. på bedehuset.

3) Laurdag 25.august skal vi vera i Tysvær soknehus, saman med Tysvær konfirmantane frå   

    kl.10.00 til ca.15.00. Konfirmantane må sjølv ordna skyss.

4) Søndag 02. september er det presentasjonsgudsteneste for heile familien i Bokn kyrkje kl.11.00.

5) Samling for foreldra på bedehuset er torsdag 30. august kl.19.30.

6) Konfirmantturen går til Brandøy. Dato er helga 1. - 3. februar 2019. Leiren er frivilleg.

7) Prisen for materiell og leir er kr.1400,-  (Leiren 1000,- og materiell 400,-) Det er mogleg å søkje

    om stønad, dersom økonomien er til hinder for deltaking i konfirmantundervisninga.  

8) Overhøyringsgudstenesta vert søndag 28. april 2019, kl.18.00 med fest på bedehuset etterpå. 

9)  Konfirmasjonsgudstenesta er søndag 12. mai, kl.11.00 i 2019.

     Som du ser vert det eit mangfaldig program, men målet er det same heile tida:

 

AT DU SKAL FÅ SJÅ KVA JESUS KRISTUS HAR Å GJE, OG KVA GLEDE OG HJELP DET ER Å TRU PÅ HAN.

 

Har du noko å spørja om eller ønskjer du ein samtale, er du velkomen til det. Det same gjeld foreldra dine. Mine telefonnummer er:  (mob)93415402 eller (p)52777151 eller (a) 52757705.

E.mail adr er: arne.aurdal@tysver.kommune.no

 

VELKOMEN  SOM  KONFIRMANT !

 

Helsing soknepresten, Arne Aurdal

Tilbake