Konfirmasjon i Nedstrand og Skjoldastraumen 2019


Konfirmasjon i Nedstrand og Skjoldastraumen 2019


 

 

Konfirmasjon 2018/19 i Nedstrand og Skjoldastraumen

 

PÅMELDING HER!

 

Kjære 8. klassing: Det gjelder deg!

 

Du har kanskje begynt å tenke på neste års konfirmasjon. Det har i alle fall eg. Eg vil med dette invitere til konfirmasjon i Skjoldastraumen og Nedstrand.

Vi har nettopp hatt konfirmasjon for dei som nå går i 9. klasse. Du har kanskje hørtt frå dei om det vi har gjort; Off-piste tur, gudstenester, gruppesamlingar, hjelpeledar, konfirmantleir på Brandøy, innsamlingsaksjon m.m.. Vi kjem til å tilby dykk omtrent det same opplegget som dei har hatt.

Utgangspunktet for konfirmasjonen er at du blei døypt for omtrent 13 år sidan. Då var det foreldra dykkar som valde at de skulle få del i trua på Jesus. Sidan den gang har de blitt meir og meir sjølvstendige og gjer dykk eigne tankar om tru og liv. Ungdommar som ikkje er døyp blir også invitert til å delta i konfirmasjonsopplegget.

Gjennom aktivitetar, undervisning, deltaking i gudstenester osv. ønsker vi at konfirmanttida skal være ei kjekk tid der vi rører ved spørsmål knytt til tru og liv. Det skal vere god anledning til å komme med spørsmål og egne tankar. Og kyrkja, som de er ein del av, kommer dykk i møte med trua på Jesus.

 

Vi inviterer konfirmantar og foreldre til informasjonsmøte i Skjoldastraumen kyrkje tysdag 14. juni, kl 17.00 eller Nedstrand kyrkje mandag 18. juni kl 18.00

Samlinga varer ca 45 min. Vi vil informere om opplegget, du vil få utlevert delar av programmet og få informasjon om kordan påmelding skjer. Du kan også spørje om ting du lurer på.

 

Konfirmasjon 2019: I Skjoldastraumen 5. mai kl 11. I Nedstrand 12. mai kl 11.

 

 

Ta gjerne kontakt om de lurer på noe.

 

Venleg helsing

 

Dag Tormod Milje

Sokneprest                           Tel 934 15 401         Email: dtmilje@tysver.kommune.no

 

Tilbake