Påmelding konfirmanter Nedstrand og Skjoldastraumen


Påmelding konfirmanter Nedstrand og Skjoldastraumen


Påmelding for kull 2010 konfirmantåret 2024-2025

Konfirmasjon 2024/2025 i Skjoldastraumen og Nedstrand

Kjære 8.klassing i Nedstrand og Skjoldastraumen

KONFIRMASJON! Det gjeld deg!

Du har kanskje begynt å tenke på konfirmasjon. Det har i alle fall vi.

Kyrkja inviterer til konfirmasjon i Skjoldastraumen og Nedstrand.

Konfirmasjonsopplegget vårt består av: Off-piste helg, samlingar i kyrkja, gudstenester, gruppesamlingar, hjelpeleiar, konfirmantleir for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn på Brandøy, innsamlingsaksjon m.m. Vi kjem til å ha omtrent same opplegg som i fjor.

Utgangspunktet for konfirmasjonen er at dei fleste blei døypt for omtrent 13 år sidan. Då var det foreldra dine som valde at du skulle få del i trua på Jesus og bli medlem i kyrkja. Sidan den gang har du blitt meir og meir sjølvstendig, med tankar om tru og liv.

Gjennom aktivitetar, undervisning, deltaking i gudstenester og anna ønsker vi at konfirmanttida skal være ei kjekk tid der vi rører ved spørsmål knytt til tru og liv. Det vil vere god anledning til å komme med spørsmål og eigne tankar om kva bodskapet om Jesus betyr for oss i dag.

Vi inviterer konfirmantar og foreldre til informasjonsmøte i:

Skjoldastraumen kyrkje onsdag 29. mai kl.18.00

- eller Nedstrand kyrkje onsdag 29.mai kl. 20.00

Samlinga varer omlag 45 min. De får informasjon om opplegget og nokon viktige datoar som det er lurt å reservere. Til slutt har vi tid til spørsmål. (Samme info blir gitt begge stader, så om tidspunktet ikkje passar, er det mulig å delta på den andre staden).

Ungdommar som ikkje er døypte, eller ikkje er medlemar kan også få invitasjon til å delta i konfirmasjonsopplegget. Gi evt. informasjon til dei du kjenner, eller be dei kontakte oss.

PÅMELDING TIL KONFIRMASJON 24/25

Konfirmasjon 2025 blir i:

Nedstrand søndag 4.mai og i

Skjoldastraumen søndag 11. mai.

 

Ta kontakt om dere lurer på noe.

 

Vennlig helsing

Sokneprest Dag Tormod Milje

Tlf: 934 15 401                

email: DM873@kirken.no

 

Tilbake