Konfirmasjon Tysvær


PÅMELDING TIL KONFIRMANTOPPLÆRING I TYSVÆR SOKN 2019-2020

 

16.mai var eg på skulen og informerte elevane på 8.årssteg om konfirmantopplegget for Tysvær Sokn
2019/2020. Ungdommane fekk også utlevert ei skriftleg orientering med viktige datoar og opplysningar om konfirmasjonstida.


Tysvær kyrkjelyd vil at alle skal få ei god konfirmanttid, og ønskjer å tilrettelegge tilbodet så alle kan delta.
Kyrkja treng ei forpliktande påmelding for å planlegge og organisere til beste for alle.
Det er også viktig at me får informasjon om- og evt ein samtale om sjukdom, matallergi, funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar mm.

Påmelding:
Fyll ut innskrivingsskjemaet på nettsida til “ Tysvaerkirken.no.” Hugs at dette gjeld Tysvær sokn!
Ta kontakt viss de treng hjelp til påmelding eller har spørsmål om konfirmasjonstida!
Val av konfirmasjonsdag: Dei som skriv seg inn først, har størst sjanse for å få oppfylt ønsket sitt.
Lister for konfirmasjonsdag vil foreligge på møtet for foreldre/føresette torsdag 5.september.
 

Praksis: Sjå vedlegg om praksis.

NB! PÅMELDINGSFRIST: 20. JUNI.

Viktige datoar i starten:
• Oppstart/infosamling for konfirmantane onsdag 28.august på Tysvær Soknehus.
Ta med ein kopi av dåpsattest på denne samlinga viss du ikkje er døypt i Tysvær.
• Lørdagsseminar for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn i Tysvær kyrkje/Tysvær Soknehus,
lørdag 31.august kl 10.00-15.00.
• Presentasjonsgudsteneste i Tysvær kyrkje, søndag 8.september kl 11.00 (obligatorisk)
• Infomøte for foreldre/føresette torsdag 5.september kl 19.00 på Tysvær Soknehus.
• Konfirmasjon i Tysvær Kyrkje: Lørdag 9.mai og søndag 10.mai 2019.

Det meste av undervisninga blir på onsdagar.

Velkommen som konfirmant!

Tysværvåg, 21.05.19


Marit Sofie Teistedal Vikre
Kateket i Tysvær
Tlf: 52 75 77 00 (Kyrkjekontoret) 481 35 457(Mobil)
E-mail: msvikre@tysver.kommune.no

 

Vedlegg om praksis

 

 

Tilbake