Bli med på dagstur til Finnøy og Talgje, tomatdyrkingas Mekka! Med to av dei vakraste middelalderkyrkjene i fylket.
Vi reiser med privatbilar eller i minibussen, 16 plassar, på Bokn med Odd Grønnestad som trygg sjåfør.
PÅMELDING INNEN 10 JUNI.
Vi startar med gudsteneste i Hesby Kyrkje kl 1100. Etter gudstenesta nyter vi litt te/kaffi og eiga medbrakt kaffimat før vi får ei orientering og omvising i kyrkja.
Deretter har vi ein times tid til å sjå oss rundt på øyna; her er festningsverk frå krigen, sølvsmed med spanande ting, store drivhus og gode tomatar, Judaberg og Bethel Bedehus.
For dei spreke går det an å sykla rundt Finnøy, 15 km, før ein kjører over til Talgje.
Så dreg vi over til Talgje og får ein varm lunsj før vi får ei omvising i kyrkja der. Her er eit flott gartneri, strand om badelivet freistar, og god tid til prat og samvære.

PRAKTISK INFO
0900 Buss frå Boknatun og
0930 frå Slåttevik.
1000 Ferge frå Arsvågen, buss eller i privatbil.
1100 Gudsteneste Hesby Kyrkje
1200 Kyrkjekaffi og omvisning
1300 Vi utforsker Finnøy
1430 Lunsj på Talgje, Gard Gartneri
1500 Omvisning i Kyrkja,
1600 Vi tek på heimveg.
PRIS:
KR 250 I PRIVATBIL
KR 350 I MINIBUSS
Påmelding:
Sokneprest Tor Egil, / Tlf 40400686 / Epost: tregiler@gmail.com