AKSDAL KYRKJE 25 ÅR-bilder i anledning jubilèet i 2020


AKSDAL KYRKJE 25 ÅR-bilder i anledning jubilèet i 2020


 Les meir om korleis feiringa blir

Torsdag 27.august 2020 er det akkurat 25 år sidan biskop Bjørn Bue vigsla kyrkja. Soknerådet har oppnemnd ein jubileumskomite som sidan hausten 2019 har planlagt ei spennande feiring i jubileumshelga 27.aug. til 1.sept.

Me hadde mykje på gang: Konsertar, foredrag, intervju og gudstenester stod på programmet. Me hadde ikkje minst gleda oss til ikkje mindre enn 25 timars spennande og samanhengande program frå laurdag 29.aug. og til og med festgudstenesta søndag.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------..
Grunna korona har me vist sidan april at programmet mest sannsynleg kom til å bli annleis. No er det klart, og me gler oss, sjøl om det er litt mindre enn planen me opprinneleg hadde:

Lørdag 29.august Aksdal kyrkje
Åpent hus i kyrkja lørdag 12-16
 
Søndag 30.august Aksdal kyrkje 
25 - års jubileumsgudstjeneste v/Lygre kl.11.00. Mykje song og musikk.
Prost Rune Engedal deltek.
 
Piano: Steffen Horn.
Kirke
glimt av Ingvar Frøyland.
Takkoffer til Menighetsarbeidet. 

Bøn før gudstjenesta kl. 10.30.

 
 
OBS:Ta gjerne med lapp med navn og telefonnummer.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Aksdal kyrkje 1995
 


Bildene over frå vigslinga i 1995


Biskop Bue Bue legg ned grunnsteinen


Prestane Arne Hansen, Helge Gaard, Arne Aurdal, Hans O. Westen fram for kyrkja

Biskop Bue  tek første spadestikk
 

Bilder gjengitt med tilatelse fra Tysvær Bygdeblad
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litt om logoen: 

 Janne Eide har laga den fine logoen. Kvifor ser den ut som den gjer? 

Ho beskriv logoen slik:

Utgangspunkt er kyrkjebygget. Utrykket er forenkla; kyrkja er «opna» i den forstand at delen som ligg mot høgre er open ut mot samfunnet, samstundes som ein blir dratt inn mot ein midte (noko som foreiner oss) - omlag der Kristusfiguren viser seg inne i kyrkja.

Sirkelen bak og «spilene» utover er eigentleg henta frå inspirasjon frå lysekronene inne i kyrkja, men heilheita kan også assosierast med klokka og hjul, og sirkelen er jo evighetssymbolet!

Uttrykket understreker også at kyrkja er sentralt plassert i miljøet.

 

Tilbake