Påmelding konfirmanter Nedstrand og Skjoldastraumen


Påmelding for kull 2008 konfirmantåret 2022-2023

 

 

Hinderåvåg mai, 2022

 

Konfirmasjon 2022/2023 i Skjoldastraumen og Nedstrand

Kjære 8.klassing. KONFIRMASJON! Det gjeld deg!

 

Du har kanskje begynt å tenke på konfirmasjon. Det har i alle fall vi.

Kyrkja inviterer til konfirmasjon i Skjoldastraumen og Nedstrand.

 

Konfirmasjonsopplegget vårt består av: Off-piste tur, samlingar i kyrkja, gudstenester, gruppesamlingar, hjelpeledar, konfirmantleir for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn på Brandøy, innsamlingsaksjon m.m.. Vi kjem til å ha omtrent same opplegg som i fjor.

Utgangspunktet for konfirmasjonen er at du blei døypt for omtrent 13 år sidan. Då var det foreldra dine som valde at du skulle få del i trua på Jesus og bli medlem i kyrkja. Sidan den gang har du blitt meir og meir sjølvstendig, med tankar om tru og liv.

Gjennom aktivitetar, undervisning, deltaking i gudstenester osv. ønsker vi at konfirmanttida skal være ei kjekk tid der vi rører ved spørsmål knytt til tru og liv. Det vil vere god anledning til å komme med spørsmål og egne tankar om kva bodskapet om Jesus betyr for oss i dag.

 

Vi inviterer konfirmantar og foreldre til informasjonsmøte i:

Skjoldastraumen kyrkje mandag  6. juni, kl 18.00 eller

Nedstrand kyrkje torsdag 9. juni kl 18.00.

 

Samlinga varer ca 45 min. Dere får informasjon om opplegget og noen viktige datoar som det er lurt å reservere. Til slutt har vi tid til spørsmål.

 

(Ungdommar som ikkje er døypt, eller ikkje er medlemmer kan også få invitasjon til å delta i konfirmasjonsopplegget. Gi evt. informasjon til dei du kjenner, eller be dei kontakte oss.)

 

Konfirmasjon 2023 blir i Nedstrand søndag 7. mai og i Skjoldastraumen søndag 14. mai.
 

For dei som vil, sjekk om konfirmant på TikTok #konfirmantene.

 

Ta kontakt om dere lurer på noe.

 

Vennlig helsing

Sokneprest Dag Tormod Milje

Tlf 934 15 401                                                            email: dtmilje@tysver.kommune.no

 

PÅMELDING TIL KONFIRMASJON 2023

 

Tilbake