Konfirmasjon Tysvær sokn


PÅMELDING TIL KONFIRMANTOPPLÆRING I TYSVÆR SOKN 2021-2022

 

Velkommen til ei spennande konfirmanttid!

Du får vere med på noe som du opplever bare denne eine gongen i livet ditt:
Å VERE KYRKJA SIN KONFIRMANT.

I konfirmantopplæringa gjer me følgjande:

1. Samlingar saman med prest og kateket
2. Deltaking i kyrkjelyden sitt ungdomsarbeid (Ungdomsklubb, Speidar, eller One Way)
3. Valfrie praksisgrupper

4. Gudstenester
5. Fasteaksjon
6. Konfirmantweek-end


Konfirmantopplæringa er variert, og skal tilretteleggjast for alle. Målet er at alle
skal kjenne seg heime i kyrkja. Det kan hende at du må sette andre aktivitetar til side for å kunne delta i konfirmantopplæringa.

Vi reknar med at konfirmantane kjem på alle samlingane.
Konfirmantopplæringa foregår for det meste på onsdagskveldar.
 

Plan for for trusopplæring i Den norske kyrkja ”Gud gir - vi deler” seier bl.a dette om konfirmasjonstida:
”Målet for konfirmasjonstida  er å vekkje og styrkje trua som blir gitt i dåpen, slik at dei unge kan leve i forsaking og tru, tilbeding og teneste som Jesu Kristi disiplar i heim, kyrkjelyd og samfunn.”

 

VIKTIGE DATOAR:
1. Oppstart onsdag 18.august på Tysvær Soknehus.
(
Ta med dåpsattest om du ikkje er døypt i Tysvær).
2. Lørdag 21.august: Lørdagsseminar kl 10.00-15.00
3. Søndag 22.august: Presentasjonsgudsteneste i Tysvær kyrkje kl 15.00.
4. Torsdag 15.september: Møte for foreldre/føresette på Tysvær Soknehus kl 19.00.
5. 28.-30.januar 2022: konfirmantleir på Brandøy.
6. Onsdag 11.mai 2022: Ung Messe v/konfirmantane. Konfirmantfest etterpå.
7. Lørdag 14. og søndag 15. mai 2022: konfirmasjonar i Tysvær kyrkje.

PRAKSIS

Alle konfirmantane skal velje ei interessegruppe som er knytta opp mot aktivitetar i Tysvær Sokn. Desse gruppene kan du velja mellom:

Du kan velja om du vil vera med som leiar i ein av dei følgjande aktivitetane:
 

  • Barnekoret ”Gledesprederen” i Tysværvåg (Tysdagar)
  • Søndagsskule på Førland
  • Søndagsskule i Tysværvåg
  • Vårbod barneforening, Tysværvåg (etter skuletid på onsdagar).
  • Leiarkurs
  • Speidarkonfirmant
  • Kyrkjenærleiar
    5 samlingar + undervisningstimar.

 

Fyll inn i påmeldingsskjemaet nederst kor du ønskjer å vere med.
 

KONFIRMANTLEIR

Konfirmantleir på Brandøy er ofte høgdepunktet i konfirmanttida for dei som deltek. Tradisjonelt er dei fleste med på leiren, men leiren er IKKJE OBLIGATORISK. Påmelding skjer ved avkrysning i påmeldinga på nett. Faktura sendast til dei påmeldte.
 

KONFIRMANTAVGIFT

For å dekke kostnader gjennom konfirmantåret, har vi ein konfirmantavgift på kr 500,- Konfirmantleiren kostar kr 1500,- Vi har støtteordningar slik at det skal vere mogleg for alle å delta i konfirmanttida og bli med på leiren.

Vi vil at alle skal få ei god konfirmanttid, og ønskjer å tilrettelegge tilbodet så alle kan delta. Kyrkja treng ei forpliktande påmelding for å planlegge og organisere til beste for alle.

Det er også viktig at me får informasjon om- og evt ein samtale om sjukdom, matallergi, funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar mm.

Ta kontakt viss de treng hjelp til påmelding eller har spørsmål om konfirmasjonstida!


Val av konfirmasjonsdag: Dei som skriv seg inn først, har størst sjanse til å få oppfylt ønsket sitt.

Lister for konfirmasjonsdag vil foreligge på møtet for foreldre/føresette onsdag 15.september. Med tanke på bestilling av lokale, er det sikrast å velje søndag, sidan det alltid er eit fleirtal som ønskjer laurdagskonfirmasjon.

Har du noe du vil spørje om eller ønskjer ein samtale, er du velkommen til det. Det same gjeld foreldre/føresette.

NB! PÅMELDINGSFRIST: 23.JUNI

Her er invitasjonsbrevet som blir sendt ut i posten. Alle frå 2007 kullet i Tysvær er velkommen til å melda seg opp som konfirmant:

Sjå her
 

 

Velkommen som konfirmant!
 

Marit Sofie Teistedal Vikre

Kateket i Tysvær

Tlf: 52 75 77 00 (Kyrkjekontoret) 481 35 457(Mobil)

E-mail: msvikre@tysver.kommune.no

Tilbake